Brennheit på morgonkvisten
Rykende svart og god,
i den kvite pinnen i andre handa
lyser ei djevelsk glo.
Kaffien ryk fordi den er varm,
sigaretten fordi den brenn.
Den eine må eg ha for å våkne om morgonen
den andre er èin djevelsk god venn.
Så sit eg her då, ved kjøkkenbordet
åleine i mi einsomheit
og kjefte og skjennes på kaffikoppen
Fordi den er for heit.
Og røyken frå pinnen stig mot takje
og gloa svir Fingrar og hud.
I morgo tar eg siste siste røykjen
Da svær eg mot himmel og gud.